Påskeskyss

buss

Treng du skyss? Eg har hatt min siste tur, seier du? Kor har du det frå? Eg står her enno. Det er ei stund sidan nokon kjøyrde med meg. Når sant skal seiast har eg vel stått her ei stund. Det brann, skjønar du. Eg veit ikkje heilt korleis det gjekk til. Før kjøyrde eg ungane til og frå skulen der inne på Dalsøyra, men så, for nokre år sidan, blei eg buss for slike vaksne ungdomar som skulle på køntrifestival. Mykje fest, men eg kjøyrde dei så fint fram og attende.

buss-2
Eg har hatt mange turar. Den siste gjekk til Dale. Men som du ser, har eg farta andre stader enn i Sogn. Eg har vore på Hardangervidda. Og i utlandet, til og med. Heilt til Ålborg. Skal tru det var korpsungar eg kjøyrde på da.

Bilkyrkjegard, seier dei dette er. Eg står no her. Det er mogeleg eg framleis kan gje frå meg eit tut.

vinner-fotosafarilogo Jeg har vært på Fotosafari. Du finner flere som er på Fotosafari hos Petunia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *