Innerst inne i skykkjo har han fått plass, den gamle leksepulten til systra hans. Måttspist, men framleis med ein aldrande syrinfarge. Bonden ser på leksepulten og det rustne malingsspannet han er i ferd med å hive ut. Skal tru om det er nokre restar att her, tenkjer han. Lokket sitt hardt, og han er nær ved å gi opp, då det endeleg gjer etter, og han kan titte ned i spannet. Ei lukt stig opp. Umiskjenneleg maling. Han prøver seg fram med ein pinne, rører litt i den brune smørja på toppen, og der, der finn han syrinfargen. Nett som på leksepulten. Nett som på syrinbusken framom stoveglaset.

1975. Han hugser det. Systra mala leksepulten sjølv, og etterpå mala ho den gamle DBS-sykkelen. Han står der med spannet i handa og berre kjenner på seg at han må bruke restane. I augekroken ser han silotanken. Han prøver seg fram, stikk malerkosten han har funne ned i restane av det syrinfarga på botten av spannet. Maler. Det vert fint, tenkjer han. Skal tru om silotanken vil kle denne fargen?

Han får malt heile understellet. Syrinfarga. Han beundrer verket sitt, set tanken til traktoren og kjøyrer han ut på bøen. Der, mellom gule løvetann, står han, tanken med det syrinfarga understellet. Eg syklar forbi, undrar meg over fargekombinasjonen. Og synast han er vakker.